3.4.06

AFFICHIA

hola. det ser ut som om me maa ha oss ut av spania om nokre dagar. dei siste dagane har far min vore uroleg over pengebruken til mor mi, og han har difor sett seg nöydd til aa spe paa reisekassa med litt lettare underhaldning paa gata. i storbyane er det mange dugande gateartistar, men dreg me litt lengre ut paa landet er nivaaet litt laagare, og det passar bra for far min. i affichia, ein liten by i nord, var den einaste andre gateartisten ein som balanserte ti liggjande spaserstokkar i eine handa, saa far min drog i gang ein middels versjon av den spanske flue, slik han hugsar det fraa ekstremsportveka i desember.

publikum sette lite pris paa dette. etter nokre minutt kom den spanske inkvisisjonen, og ut fraa den ivrige bruken av orda fresa og frigorifico skjöna far min at det var best aa gje seg. saa i kveld tek me nattoget til portugal, i von om at dei har eit litt opnare syn paa kunst. mor mi har kjöpt inn pottittgull og vin til togturen. me kan ferie.

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg vonar du var nøye med å fortelje det spanske gatepublikummet om kjeldene for framføringa av den spanske flue?