30.4.06

DOKUMENTARFILMFESTIVAL

i helga har eg vore på dokumentarfilmfestival. alle som er noko seier at festivalen var mykje betre i fjor, og at programmet i år var i seriøsaste laget, men nokre høgdepunkt var det jo. filmen eg likte best handla om han som starta denne verksemda (dersom det finst noko liknande på sunnmøre vil eg gjerne vita om det), men eg likte òg filmen om han luringen her (dersom det finst nokon liknande på sunnmøre vil eg gjerne vita om det).

dokumentarfilmfestivalen er som alle andre festivalar ei kjelde til stor frustrasjon hjå alle gamlingar. me gjekk forbi samfunnshuset i kyrkjetida i dag, og fekk med oss litt av dialogen til to bester me gjekk forbi:
- nei, det er noko tull med denne festivalen.
- ja, her ligg jo knuste glas overalt.
at det stort sett var plastglas, og at det ser mykje verre ut kvar helg året rundt, er mindre viktig.

eg likte forresten òg ein samtale inn på rokken. medan me venta på vinnarfilmane, las nokre av arrangørane om dokumentarfilmfestivalen på nettet. dokumentarfilmfestivalen fekk mykje skryt, og han eine meinte at dei burde vera i volda eitt år til, slik at dei kunne vera medarrangørar neste år òg.
- ja, me kunne jo studera engelsk. (litt latter)
- eller kateket. (meir latter)
- ja, eller ta mastergrad i nynorsk! (enorme mengder latter)

Ingen kommentarer: