21.4.06

DO


medan me var ein snartur i dubrovnik, såg husvertane våre sitt snitt til å pussa opp badet me ofte omtalar som 'vårt'. no er det meste i orden, og alle er difor velkomne til do-innflyttingsfest måndag 24. april, klokka 18.30 presis.

programmet er ikkje heilt i boks, men mor mi kjem til å framføra songane "bad" av michael jackson, og "i do, i do, i do" av abba. det vert òg servert brownies.

dei som vil kan prøva ut badet. me stiller med dopapir, handklede, og ei relativt imponerande samling shampoo, såper, balsam, lotion, kammar og skokrem frå nokre utvalde hotell.

påmelding på telefon 95 28 18 98 før fristen går ut.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Akk, så synd at eg - som faktisk meiner at eg kom på ideen med doinnflyttingsfest først - ikkje kan kome...

Anonym sa...

Jøss, tok dei soverommet dykkar også i same slengen, eller?! Dumt at de miste peiskosen, då - men badet ser i alle fall stort og godt ut - fole festle, du, med kvar sin dusj (og pissoar?:o)!

Er litt interessert i ekkokonsertar, så kanskje eg kjem ein tur :o) - viss ikkje det då blir festspelmøte hos Åshild??? Men det utgår, kanskje...