13.9.06

JOL

det er sjølvsagt i tidlegaste laget å tenkja på jola (sjølv om tante K har gjort seg ferdig med jolegåveinnkjøpa for mange månader sidan). etter den kjedelege hendinga for to år sidan, då far min ikkje fekk vita at det skulle vera bartejol før vesle jolafta, slik at han måtte ut på svartebørsmarknaden for å skaffa seg ei anders hovden-bart, er det likevel naudsynt med ei tidleg avklaring. biletet over viser onkel A og onkel K på jolekvelden for to år sidan, fint pynta med bart og slipsfrie skjorter.

i fjor var me på nordmøre, der tema for jola var jol og varme. no går turen sørover att, og bloggelesarane vert med dette oppmoda om å koma med innspel til høvelege tema. eit framlegg som har vore til lufting, er ei god gamal hentesveisjol. dette var jo vanleg i syttiåra, slik biletet under viser. kva trur de?

6 kommentarer:

Anonym sa...

No vil eg vel påstå at hentesveis er i overkant overmodig. For det fyrste er det ikkje sikkert at eg har hår igjen i det heile ved joletider. Og for det andre vil ei intensiv sparing frå dags dato knapt dekkje 20 grader av ein fullbods compover. Men kva med kinnskjegg?

guffen sa...

bakdelen med ein slik magne hoseth-inspirert jolekveld er at dei av oss med avgrensa hårproduksjon i ansiktet ikkje kan ta del - dette gjeld jo både meg og mor mi og far min. kva med tjukke brilleglas?

Anonym sa...

Kva med ein Helleve-jol? Det er jo ganske spesielt?

guffen sa...

korleis fungerer det?

Anonym sa...

Kotelettar.

Anonym sa...

Om ein ikkje har skjeggvekst, får ein berre springa til næraste parykkmakar og få litt oppsop.