18.9.06

KOTELETTAR

det ser ut som om fleire meiner at kotelettar passar godt saman med pinnekjøt. far min meiner at dette kan vera eit godt høve til å visa slektskapen med bestefar sin (kontreadmiral erik årsland, biletet over), og lurer på kor lang tid han treng på å skrapa saman like imponerande skjeggvekst. han har altså ikkje den mest progressive skjeggveksten i landet, så det er kanskje best å starta sparinga alt no?

gløym ikkje å røysta på den førebels siste nasjonalpostkassekandidaten, sjølv om meldinga er trykt litt nedover på sida.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Berre ein orden på bringa?

Anonym sa...

Og uknappa jakke?

Anonym sa...

Ja, du skreiv jo at du skulle få fram slektskapen.