21.12.06

JOLETRAFIKK

i morgon tidleg køyrer me til voss. foreldra mine har diverre ein altfor liten bil, slik at eg må leggja att nokre av presangane eg har fått. (dette gjeld stort sett presangar frå slekta på nordmøre, sidan resten av slekta møter trauste og mannsterke opp på voss.) eg har dandert desse presangane i og rundt soveromsvindauga til foreldra mine, og når me kjem attende til volda har eg ein del opning til gode. far min meiner at eg godt kunne gjort unna litt no, men det går rett og slett ikkje an å opna gåvene før jolekvelden.

dei fleste er klar over at det er kotelettar som gjeld i år, og far min har skrapa saman nokre fjon. han reknar det som personleg rekord, men det luktar ikkje akkurat vm-uttak. så langt har han fått høyra at han liknar på ravi, aasmund olavsson vinje, og lars bjarne marøy.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ikkje for å spela dum, men kvifor er ikkje nissen og båten pakka inn?

guffen sa...

eg har herpa alle presangane eg fekk til jol i fjor, bortsett frå nissen og båten, og då tenkte eg det kunne vera kjekt for dei å vera med på biletet. kanskje det var ei feilvurdering.

elles treng du ikkje vera redd for at folk skal tru at du spelar dum.