20.12.06

LITTERATUR

trugne lesarar hugsar sikkert at eg i mai kåra boka komiske ku til favorittboka mi. forteljinga om komiske ku er framleis like gripande, det er alltid like spanande å sjå om ho kjem seg heim til kveldsmaten. sidan mange skal eta pinnakjøt i jola, kan det vera på sin plass å visa fram eit bilete av komiske ku - i farten er eg litt usikker på kva som gjer akkurat denne kua så komisk, men det kan henda at jurplasseringa er i det framfusaste laget.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Eg skjønar ikkje kva eting av pinnekjøt i jola har å gjera med komiske ku? Er kan hende komiske ku god å turke nevane på?

guffen sa...

er det berre besto som serverer pinnakjøt av ku?

Anonym sa...

Eg tok ein telefon til besto. Ho har aldri servert pinnakjøt, seier ho. Ho trur du forvekslar stongsellerimiddagen far din fekk i 1986 med pinnakjøt.

Anonym sa...

Guffen. Kva svarar du når nokon ringer og vil ha deg inn i styre for husmorlaget, automobilforbundet, skogeigarlaget, vegstyret o.l.?

Ho eg bur i lag med, som er den einaste i familien vår som får slike spørsmål, seier : Nei, eg trur det er viktig for bygda at nokon sit heime og les bøker.

guffen sa...

når dei ringjer frå tele2 og vil ha meg til å skifta mobilabonnement, seier eg at eg er dverg, og at eg likar svært dårleg at dei gjer narr av oss dvergar i marknadsføringa.