4.12.06

SPRINKELANLEGG

i ein kommentar til denne meldinga lurer syver på kva ein sprinkelvernar er, og kva eller kven som vert verna mot kva eller kven når denne vernaren vert brukt. foreldra mine er ikkje dei mest utprega vernarane i gamlevegen, men biletet over viser kva sprinkelvernar dei nyttar i senga mi.

patenten er relativt enkel. du bakar seks smultringar (to grøne, to gule og to blåe), fordeler dei på to stablar, og plasserer to av sengeføtene i desse stablane. då vert senga meir som ein liten bakke, slik at om morgonen ligg eg og dyna og puta og resten av ekstrautstyret i ein krull i botnen av bakken. dyna og puta og ekstrautstyret vernar altså meg mot sprinklane, og sprinklane mot meg.

dersom du ikkje har smultringar for handa, vert det verre. du kan sjølvsagt bruka årsgamle sirupsnippar, men treng då truleg nærare femten i kvar stabel for å få rette vinkelen på bakken.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Vi gjorde som du sa, men føtene på senga gjekk igjennom smultringane. Skal det ikkje vera hol i smultringane? Meinte du smultbollar, kanskje?

guffen sa...

viss hola er større enn sengeføtene, går det sjølvsagt ikkje. og det kan vera lurt å fritta smultringane ein time eller to for lenge, slik at dei vert meir solide.