21.1.07

JORDSKJELV

ei ulukke kjem sjeldan åleine. berre tre dagar etter bispevisitasen fekk sunnmøre eit nytt spark bak: i ettermiddag kom det sterkaste jordskjelvet i umenneskelege tider. heime hjå oss gjorde skjelvet mest skade i vinglas-skapet til mor mi, slik at under møtet i vinsmakeklubben hennar i kveld må ein drikka rett av flaska.

eg har ikkje sjekka med barnehagen enno, men i og med at alle skular i heile usa vert stengde dersom det kjem nokre centimeter sno øvst i fjellheimen, reknar eg med at barnehagen vert stengd nokre dagar.

3 kommentarer:

Frode sa...

Eg synest du skal sende biletet over til VG så fort som råd, slik at dei får det med i opslaga sine. Situasjonsbilete frå Volda, skriv du.

Frode sa...

nei, no har eg gjort det, så du treng ikkje tenkje på det.

Guffen sa...

vg kjem aldri til å trykkja det biletet der. dei er berre interesserte i å dyssa det heile ned, slik dei er med dei fleste storhendingar. skreiv dei til dømes noko om at bispen var innom i barnehagen min?