31.1.07

LOKALNYTT 5

Snøballkrig
Laurdagsnatta i 03-tida kom det melding til politiet om ein snøballkrig som oppstod utanfor Rokken i Volda. Det skal ha vore kring 80 personar samla i området. Meldinga som gjekk til politiet sa at det vart kasta snøball på folk som prøvde å forlate området etter at utestaden var stengd. Politiet var opptekne i anna ærend så dei rykte ikkje ut til hendinga.
Møre, 30.1.007

i dag har forresten foreldra mine vore i lag i ti år. mor mi feira dagen med å krølla seg saman i sofaen med eit vinglas og nokre gamle songbøker; far min resirkulerte nokre oppbrukte hermetikkboksar.

2 kommentarer:

Syver og Torbjørn sa...

Hurra for foreldra dine! 10 år i endelaus kjærleik.
Dei er eit bra førebilete for foreldra våre. Kan vi få eit kjærleiksbilete her? Tunge?

Guffen sa...

"endelaus kjærleik"? har de drukke? eg veit ikkje kor tunge foreldra mine er, men mor mi har lagt på seg tolv kilo så langt i svangerskapet. far min er så solidarisk han kan, men har ikkje fått på plass meir enn ni.