7.1.07

VANILJESAUS

den siste veka har det vore så mange storhendingar at eg ikkje har hatt tid til å rapportera. den fyrste storhendinga kom onsdag, då eg saman med mor mi tok turen til sollia barnehage, der eg skal få pottetrening og sosial trening dei neste fem-seks åra. så langt er eg like lite utlært på begge felta, men det kan henda at det går seg til. eg var der tre dagar sist veke, og desse dagane var ganske like: eg og eit lass med andre dritungar åt brødskiver med prim, leika med bilar, og kasta snøballar i friminuttet.

torsdag og fredag var far min og mor mi i ålesund for å høyra på ingebrigt steen jensen. han snakka om kor viktig det var at stabæk spelte semifinale i meisterligaen, og at han var klin galen. kvar gong nokon i salen hadde eit innspel var det "veeldig bra", same kor meiningslaust det var. steen jensen skreiv for nokre år sidan bestseljaren ona fyr, ei bok om eit fyr på ona. han hadde diverre ikkje med seg nok bøker til alle, men lova å senda ein kopi til alle som hadde møtt opp. korkje far min eller mor mi er spesielt interesserte i fyrhistorie (det nærmaste måtte vera at mor mi har eit relativt høgt forbruk av fyrstikker), slik at me om ikkje lenge, dersom steen jensen held ord, har to fyrbøker me kan gje vekk til dei som melder seg fyrst. dersom ingen melder seg, er det ikkje anna råd enn å gje dei vekk til jol. dei som vil gardera seg mot ei slik jolegåve, bør melda frå innan byrjinga av oktober.


medan foreldra mine var i ålesund, var besten og besto her, for å passa på at eg fekk i meg nok vaniljesaus.

2 kommentarer:

OnklT sa...

Eg er ganske sikker på at vaniljebesten har eit eksemplar av Ona fyr liggjande. 2-1 til morssida.

Guffen sa...

neste gongen vaniljebesten fyller år (midt i mai, trur eg) endrar nok stillinga seg til 3-0.