24.1.07

VINTER

dagane går og kjem. eg har plukka opp nokre triks frå dei andre i barnehagen, og det viktigaste trikset så langt er morgontrikset. dei dagane eg skal i barnehagen søv eg som ein stokk så lenge eg kan, gjerne til eg er halvferdig med frukosten. dei dagane eg ikkje skal i barnehagen, derimot, vaknar eg gjerne i sekstida. skjønar eg foreldra mine rett, set dei pris på dette, då dei begge meiner at verda aldri tek seg betre ut enn laurdags- og sundagsmorgonar før klokka sju.

dei siste dagane har det kome mykje sno. her om dagen var far min og eg på skitur. eg sat i beremeis, medan han hadde beremeisen på seg. det gjekk bra, bortsett frå den gongen han ville finna ut om det gjekk an å koma seg opp att dersom han gjekk på trynet på ein så utkropen måte at skiene stod i v-stil, med begge skituppane ein halv meter ned i snoen. det gjekk an, viste det seg, og medan det heile gjekk an lærde eg nokre fleire gloser eg kan prøva ut på besto.

framfor stovevindauga vårt har me ein liten balkong. einaste gongen me viser oss der er på syttande mai, men balkongen er god å ha elles òg, sidan han hindrar at folk som går forbi på vegen kikar inn. problemkikkarane er dei to naboane tvers over vegen - me er ofte plaga med at dei går opp på loftet, sløkkjer ljoset, og kikar inn til oss, for å finna ut kva me held på med. alle hemmelege aktivitetar må difor gå føre seg maks ein halv meter over golvhøgd, men sidan rekkverket på balkongen no har ein førti centimeter høg snodott på toppen, kan me driva med hemmelege aktivitetar førti centimeter høgre enn til vanleg.

Ingen kommentarer: