12.3.07

ENGESET

no går det unna. etter at eg før jol var rimeleg kritisk til a) barnehagedekninga i volda, og b) utvekstane på hovudet til han barnehagen min er kalla opp etter, har det lokale barnehagestyret fatta alvoret. alt to veker før dei andre dritungane får vita kvar dei skal plasserast frå hausten av, har eg fått melding om at eg er forfremma til engeset barnehage. alle som er lokalkjende veit at det er ein klar framgang, både geografisk og fagleg. geografisk ligg engeset barnehage faktisk så tett opp til hagen vår at kvar gong mor mi spelar fotball, må ho over gjerdet til barnehagen for å henta ballen.

einaste bakdelen er at eg no må leggja om til jens kåre engeset-sveis.

2 kommentarer:

Onklt sa...

Betyr dette at foreldra dine berre kan kasta deg over i barnehagen frå stoveglaset, slik at dei slepp å kle på seg og gå utomdørs for å levera deg? Ja sjølvsagt berre dersom det står nokon på barnehagesida og tek i mot, må vita.

Guffen sa...

dei kan kasta meg frå stoveglaset til barnehagen, men då må dei kasta meg rundt store deler av jordkloden. då er det truleg enklare å snu huset 180 grader, sjølv for ein treneve som far min.