25.3.07

SNIKKAR

i dag gjekk far min tom for bortforklaringar, og måtte difor montera eit nytt skåp på rommet mitt. mange vil vita at han ikkje er spesielt vidarekomen når det gjeld handarbeid - det er ikkje tilfeldig at han tok ei teoretisk utdanning. når me tenkjer på kor veik han er teoretisk, seier det litt om kor lite utvikla dei praktiske evnene hans er.

eg er litt usikker på korleis eg skal få skåpet opp i lodd, men reknar med at eg kan baka nokre fleire smultringar. det er kanskje ikkje ei heilt optimal løysing, men skåpet vil i alle fall stå i stil med senga.

4 kommentarer:

Frode sa...

Kvifor ligg det ei ku klux klan-dokke på golvet? Har far din fått ho frå nokre av norsk-amerikanarane han kjenner?

Guffen sa...

kvar har du ku kluk klan-dokkene dine? har du hengt dei opp på veggen?

Frode sa...

Det var to spørsmål, men berre eit svar.

Guffen sa...

du fekk i alle fall eitt svar. eg fekk ingen på mine to spørsmål.

svaret på spørsmål 2 er forresten ja.