19.3.07

PRIM

akkurat no lever eg dagar lette hjå besten og besto. dei likar seg godt, dei òg, sidan begge får driva med det dei likar best: eg og besten tek daglege traktorturar - ned til riksvegen, og opp att. og besto diskar opp med både eitt og hitt. sidan det viste seg at eg berre var sånn middels interessert i ertestuing, prøvde ho med prim, og det viste seg visst at eg likar prim. så dei siste timane har primen fått fart på seg.

far min var her i helga, men reiste heim att for å få litt fred. mor mi har byrja på permisjonen sin, så ho ligg i sofaen og les eldgamle vekeblad. både natt til laurdag og natt til sundag var det omtrent som i gamle dagar. eg sneik meg opp i senga deira, og pressa meg inn mellom dei. som vanleg la eg meg på tvers. sidan gjestesenga hjå besten og besto er smalare enn senga heime, og sidan både far min og mor mi er tjukkare enn vanleg, nytta eg høvet til å få inn nokre fulltreffarar, kamuflerte som spastiske rykningar framme og bak.

2 kommentarer:

Frode sa...

Alle problema du har, Guffen, skuldast dei at mor di likar Sponheim betre enn far din?

Guffen sa...

det kan godt henda. ho snakkar om sponheim både dag og natt, og syng om han i dusjen.

men elles er vel mor og far min dei største problema mine.