27.5.07

MUS

dei siste dagane har tante b og han med e vore på vijting. eg har gjort mitt beste for å forklara han med e kven som regjerer i gamlingsen, men han sleit diverre med å ta ein del enkle hint, slik at det var ikkje anna råd enn å kakka han i skallen kvar gong eg fekk sjansen. bortsett frå dette kommuniserte me uventa bra.

sidan det var heilt uaktuelt for meg å flytta ut frå rommet mitt, vart dei to gjestane plasserte på kontoret. der bur det, som alle veit, store mengder mus til dagleg, så eine natta vart mysene til så stor plage at tante b og han med e laut flytta ut i stova. eg visste ikkje at det var færre gnagarar der, men så har eg då heller aldri vist større interesse for dei.

på dagtid hadde mor mi mest å jubla for. endeleg var her nokon andre som hadde interesse av å gå inn og ut av strikke- og skobutikkar der alle andre kundar har passert åtti og vel så det.

tante b fekk forresten ikkje like mykje å jubla for som ho hadde von om. ho leverte fire rette svar på nasjonaltevlinga, men juryen gjekk samrøystes inn for at ho hadde vore for passiv dei to fyrste rundane. hovudpremien går difor til sjur mossige, som alt frå runde ein viste at han hadde store kunnskapar om den nynorske songskatten. me ynskjer til lukke.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Sjuren er sur av di han ikkje har sett noko til premien.

guffen sa...

sjuren er stort sett sur. denne gongen bør han vera surast på postverket, som ikkje gidd å levera post på sundagar.

Anonym sa...

Sjuren seier at det er blitt kvardag igjen.

guffen sa...

livet til sjur er vel stort sett kvardagar. det er postverket som opererer med sundagar.

Anonym sa...

kva heiter broren din?

guffen sa...

eg har ingen bror. men syster mi heiter kvart på too.