2.8.07

VOSS

dofestveka er altså over, og me held fram med ferien som om ingenting har hendt. me tok rake vegen til besten og besto, og eg nytta høvet til ein ny og solid runde med oppkast. då me var i valldal for nokre veker sidan kasta eg opp ein halv kilo med heile aprikosar; denne gongen kasta eg opp dei to litrane med jordbær-litago far min hadde pressa i meg.

me nyttar som vanleg høvet til å friska opp den gode samtalen, men merkar fort at me har mykje å læra. her om dagen peip det i telefonen til besten:

onkel A: hallo.
mann i andre enden: er det besten?
onkel A: nei, han er på vangen.
mann i andre enden: er han på vangen? er det gravferd?

me kan ferie.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ville berre melde om at denne bloggen no har slått seg inn på peikarsida til nynorsk bloggar på http://www.nm.no/peikarar.cfm?path=10221,10264
Gratulerer!

Anonym sa...

Det seier ein heil del om nivået på dei som skriv inn kommentarar.

guffen sa...

kan dei gjera det utan å be om løyve frå datatilsynet? har ikkje bloggarar same rettsvern som alle andre?