21.10.07

INNSAMLING 2

i dag var det igjen dør-til-dør-aksjon for å skrapa saman nokre slantar til personar med hiv eller aids. til liks med i fjor var det mor mi og eg som måtte ta ansvar, sidan det er på hennar side av slekta at dei hiv-positive står tettast. me hadde litt uflaks under tildelinga av innsamlingsområde, og fekk utdelt eit byggjefelt der det var samla litt vel mange luringar. dei fleste som budde der heitte friedland.

far min låg heime saman med kvart på firo, og sette ny personleg rekord i deprimering. etter at folkeregisteret i fjor vedtok at far min er fødd i bergen, har han rekna seg som bergensar, og han har teke denne nye rolla så alvorleg at han er vorten brann-tilhengjar. som alle andre bergensarar hadde han i går gleda seg til å sjå at brann for fyrste gong vart seriemeistrar i fargar (då dei tok ligagull sist, i 1932, vart det berre dokumentert i svart-kvitt, slik at gullet minner meir om gråstein), men slik gjekk det altså ikkje.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Alle skjønar jo at Brann er seriemeistrar, og at Odd rykkjer ned. Det er berre formalitetane som står att.

Anonym sa...

Sove lenge? Fekk du ikkje med kva som skjedde i går?

Anonym sa...

Kor lenge har eg eigentleg karantene?

guffen sa...

fram til midnatt.