23.4.09

BILLEMANN

i eit uvanleg interessant ordskifte for litt sidan lurte kjesso på korleis det eigentleg var med billemann og bollemann. nyare forsking viser at det ikkje er rare greiene. bergens tidende har den siste tida gjort sitt beste for å kartleggja den vestnorske humoren, og i artikkelen om bergen fortel frode rasmussen at vitsar om billemann og bollemann høyrer med til det ein kalla bergensk humor. han dreg fram eit døme. det er nærliggjande å tru at han drog den beste billemann og bollemann-vitsen han kom på, så ting tyder på at resten av landet ikkje akkurat har gått glipp av noko. hovudmålversjonen vert omtrent slik:

billemann og bollemann gjekk tur på fløyen. i ein av dei bratte svingane miste bollemann ei skive, som landa i hovudet på ei dame som gjekk lengre nede.
- var det med vilje, ropte ho.
- nei, det var med sukker, svara bollemann.

4 kommentarer:

kjesso sa...

Eg synest du er litt svivyrdsleg mot humoren frå folkedjupet.

guffen sa...

eg visste ikkje at det var folkedjup i bergen.

frode sa...

Her i Valdres likte vi versjonen særs godt.

kjesso sa...

Valdres ned i havet.