15.4.10

3

det går visst framover med ti på tolvo. tidlegare denne veka feira ho treårsdagen sin, og inviterte opptil fleire gjestar frå nær. alle møtte opp, og stemninga stod i taket. i alle fall heilt til ein av gjestane fann det for godt å gjera i buksa. då måtte brått alle reisa heim att.

fyrste blomen han er komen, og då er me jo ute heile dagen, sjølvsagt. me ættar trass alt frå mor vår. i går meinte ho at me burde leika gøymsel, sidan det er ein leik som høver godt i hagen. biletet over viser kvar ti på tolvo gøymde seg, gong etter gong.

og som om ikkje det var nok, går me no rundt og kosar oss fordi all flytrafikk er nedlagt. no kan dei ha det så godt, dei nepene som absolutt skal fly histen og pisten.

5 kommentarer:

Ein islendar sa...

Britain: WTF Iceland?!? Why did you send us volcanic ash ? Our airspace has shut down.
Iceland: What ? It's what you asked for isn't it ?
Britain: NO! Cash! Cash you dyslexic f**k. CASH!
Iceland: woooops...

kukola sa...

Kva er falskt flagg? At du siglar med eit flagg som er piratkopiert, eller litt meir slik folkemusikk-falsk, altså reint musikalsk?

guffen sa...

falskt flagg kan til dømes vera viss du teiknar noko som liknar på eit norsk flagg, men der raudfargen og blåfargen byter plass. siglar du under eit slikt flagg, går det til pisis.

frode sa...

nei, det går vel til åland. iallfall viss du er på veg heim.

kjesso sa...

Om du siglar under eit falskt flagg som heng på ei flaggstong som står på fastlandet, har du sannsynlegvis køyrt på grunn.