15.8.05

TINNITUS

eg er attende frå ferie. den gamle toyotaen har i ferien køyrt 2807 kilometer, altså nesten tre gonger rundt ekvator. me har sett litt av kvart, men det eg kjem til å hugsa lengst er lyden frå den relativt misantropiske lydpotta under bilen. det har vore uråd med verbal kommunikasjon mellom fram- og baksetet, og den vanlegvis så smektande taffelmusikken har fått avløysing av musikksjangrar som sluttar på metall.

det gledelege er at eg endeleg har fått noko kroppsleg som viser slektskap med far min - dobbelsidig tinnitus.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det er med ekvator. Er det verkeleg ikkje lengre?
Og stemmer det at du vaklar mellom West Ham og Charlton som favorittlag? Då vil eg anbefale West Ham.

guffen sa...

eg veit ikkje mykje om fotball, og har ingen gode læremeistrar i den næraste slekta.