15.5.06

DØYPING

frå cardiff gjekk vegen rake vegen til ås, der guten som tidlegare gjekk under namnet jon skulle døypast. kloke av skade har tante b og onkel a funne ut at det vert for dumt med jon-ar overalt, slik at dei i staden, etter råd frå besto, valde namnet kim kenneth. det vart ein lang og minnerik dag, med gode talar og mange songar. her er det viktigaste som skjedde.

antrekk. nokre gjekk i bunad, nokre gjekk i kjole, nokre la seg på ei relativt casual line. tante m hadde hatt litt dårleg tid om morgonen, og hadde valt ein kjole som var så kort at dei lange kvite underbuksene var synlege.

skyss. frå ås stasjon til kyrkja er det både to og fem kilometer. besto og besten vart henta av ein kvinneleg drosjesjåfør med handklede på hovudet, ei stor samling pastellfarga kremar i andletet, og som på ståande fot ramsa opp alle gatenamn på ås to gonger på under minuttet.

tittel. rett etter døypinga vart far min spurt om han var "vaktmester på sokker", ein yrkestittel som er lite brukt på vestlandet.

fiskebein. besto meiner visst det går seint med utviklinga mi, og prøvde som vanleg å læra meg å gå. for kvart steg eg tok sa ho "sik".

borddekking. besto til kim kenneth er regjerande norsk meister i borddekking. dei som drøymer om å gjera det skarpt i denne greina, kan merka seg at a) dersom nokon skal henta blomar til pynting av bordet, kan det vera greitt å bruka dei som ikkje har bunad, som har mjuke kne, og som korkje før eller seinare har vist spesielt stor interesse for blomeplukking, slik at dei ikkje eingong veit kva ein mispel er for noko, og b) flasker skal aldri stå på bordet.

blodbad. eit anna godt triks i borddekkingskrinsar er å klippa av seg ein finger eller to medan ein brettar serviettar. i rein protest mot at eg ikkje fekk låna saksa tippa eg framover og slo nasen ut av ledd, med påfylgjande bløing utover parketten.

synging. festleiaren fekk etter kvart så dårleg respons på dei stadige oppmodingane om å syngja dei to siste songane på songarket, at ho henta inn nokre småjenter frå nabolaget, som song kvar sin song.

kaker. besto vart reint irritert då ho såg at vertinna hadde rekna to personar pr blautkake, når alle veit at det skal vera omvendt.

dokumentasjon. onkel j tok rundt firehundreogfemti bilete frå dåpen starta til det heile var over i sjutida, altså på rundt seks timar - omtrent eitt bilete i minuttet.

Ingen kommentarer: