17.5.06

NASJONALT

17. mai. flagg. kongar. blomar ved bautasteinar til minne om krigarar. nasjonalsongar. russ. bunader. varme pylser. ungar som spør etter russekort. militærmarsjar spelte av marsjerande, uniformerte småungar med tuba. talar. prosesjonar. dravle og rjomegraut.

det seier seg sjølv at denne dagen hadde eg mest lyst til å deiga meg heime med far min, men mor mi fekk overtaket, slik at eg vart trilla rundt til spott og spe heile dagen. to ting bør nemnast: den såkalla festleiaren var bra samkøyrt med musikantane, og mor mi gjekk fremst i folketoget, medan dei to boblisdamene gjekk til sist. ho eine hadde kasta solbrillene i finveret.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Mi djupaste medkjensle, Guffen. Eg vart også pressa ut av huset for å vera saman med folk på 17. mai. Kva godt førte det med seg? Eg vart febersjuk og sengeliggjande. Nei, ned med mor di og alle andre kvinner som meiner at ein skal vera sosial.

guffen sa...

du ligg godt an til neste år - alvorleg sjukdom er ein føresetnad for aktiv feiring av 17. mai.

Anonym sa...

Kva er ei boblisdame?

guffen sa...

ei dame som går med ein boblis.