28.1.07

NAMN

det er berre to månader til mor mi har termin, så det er på tide å finna eit namn som passar. når me smalltalkar rundt middagsbordet omtalar me nestemann som nummer to, og sjølv om det er eit fint namn, går vel neppe namnekomiteen med på det. me tek difor mot framlegg, både gode og dårlege.

dei som ikkje har spesielt avansert fantasi, kan ta utgangspunkt i namnestatistikken til statistisk sentralbyrå. dei presenterte sist veke ei liste over dei ti mest brukte jente- og gutenamna i 2006. slik eg skjønar lista, er det berre teke med nye personar som har fått desse namna. det mest overraskande er at nora kjem med på lista, medan lerum ikkje gjer det. her har målfolket ein jobb å gjera.

denne helga har det ikkje skjedd så mykje. mor mi var på kaketur til nordmøre, medan far min og sat att med knekkebrøda våre. på føremiddagen i dag klemde eg ut ei tusensårsbleie, som me tok vare på og viste fram til mor mi då ho kom rekande med bussen i sekstida. ho var lite imponert.

11 kommentarer:

Anonym sa...

er du interessert i tusenårsbusa mi? Eg kan sende han i posten.

guffen sa...

tusenårsbusa er eitt fint jentenamn - takk for framlegget. har du eit godt tips til gutenamn òg?

Anonym sa...

Eg veit ikkje kva det er med foreldra dykkar, men mine tek vare på ALLE skitbleiene. Pakkar dei fint og omhyggjeleg i hop ned i ei bøtte på badet. My collection ...

guffen sa...

greatest hits? eller greatest shits? og forresten er vel dette ei avsporing av den namnedebatten eg la opp til.

Anonym sa...

Reaksjonar frå ei mor, formidla av ein far:
Tusenårsbleia? Skiftar ikkje Guffepapaen bleia til sonen sin særleg ofte?

guffen sa...

skiftar og skiftar - det vanlege er vel at han ein gong i veka tek av meg bleia, held ho under kaldt vatn nokre sekund (for å mjuka opp dei verste klumpane), før han hektar ho på att. eit slikt gjenbruk har sjølvsagt fjerna alt limet frå bleia, men far min meiner det fungerer like godt med binders.

Anonym sa...

Har du prøvd denne adressa?
http://blogspot.guffen.com/

guffen sa...

ikkje så langt

Anonym sa...

Avsporing, du liksom. Trur de treng nytt etternamn. Kva med å kalla dykk opp etter ein fotballspelar? Flo må vel stå i stil med innhaldet i Tusenårsbleia. Venter i spaning på passande førenamn.

Anonym sa...

på fredag var eg på møte i oslo. der var det ein mann som sa at det finaste namnet i verda er ISABELL. tenkte det kunne vere kjekt å vite i denne heite namnedebatten...

guffen sa...

hm... eg trur smaken hans er omvendt proporsjonal med smaken til foreldra mine. sa han noko om kva namn han likte minst?