23.3.07

BESTEN 2

som venta kom det inn mange gode framlegg til "kva seier besten"-tevlinga sist veke. det er uråd å kåra ein vinnar, men eg må likevel streka under at det er litt skuffande at ingen foreslo "eg lurer på kva som skjer dersom eg dreg ut fingeren", eller "vanlegvis lobotomerer ein frå tinningen, men der er det så mykje hår at eg trur me får gå inn frå toppen".

dette biletet er teke omtrent akkurat etter at besten har lært meg alt han veit om dataspel. oppgåva er som vanleg - kva seier besten?

6 kommentarer:

Anonym sa...

Hugsar du den fine postkassa i Valdres som vart kåra til Noregs nasjonalpostkasse, Guffen? Lurar på om dei har fått messingskiltet som stadfestar dette, enno?

Anonym sa...

Besten seier; no er det ikkje lenge til me kan legge oss!

Anonym sa...

besten seier; nå er det MIN tur!!!

Anonym sa...

Ja-ja,..i morgo skal me kjøyra traktor

Anonym sa...

Bestene seier: Skjønar du no kvifor lobotomering måtte til?

Anonym sa...

Dette dataspelet tenkte eg selja til den ikkje spesielt dataspel-kunnige far din for 15 000 kroner.