10.3.07

REKORD

i dag var eg godt nøgd då eg tok kveld.

1. omtrent rett etter at me stod opp, skifta far min bleie på meg. medan han var ein runde bortom vasken for å vaska hendene, såg eg mitt snitt til å senda ut ein skvett piss. sjølv om han stod nesten ein meter unna meg, fekk eg inn eit kvalifisert treff på leggen hans. sidan det ikkje er lett å pissa så langt framover når ein ligg på rygg, er dette truleg noko av det eg er mest nøgd med så langt i livet.

2. far min har for vane å la meg springa litt rundt på badet om morgonen, medan han reinskar halsen, og skolar vekk det verste grumset frå augene. medan han stod med ryggen til, travelt oppteken med desse to krevjande gjeremåla, var det ikkje anna råd enn å gå bort til han og pissa ein ny skvett på same leggen hans.

3. seinare på dagen greidde eg å klina litt nyprodusert drit inn på buksebeinet hans. her trur eg det er best at eg ikkje går i detaljar.

så far min hadde ein ny drøymedag. den einaste i heile verda som hadde ein verre dag var besto, som fyrst måtte vera vitne til at avløysaren herpa silotalja, før ho køyrde bilen ut på storevegen og punkterte.

1 kommentar:

Anonym sa...

Er det berre far din som skiftar bleie på deg og tek seg av deg? Kvar er mor di? Travelt oppteken med å svinse med venstrepolitikarane, veit eg?