7.3.07

STORPOLITIKK

endeleg har nokon i familien teke storpolitisk ansvar, og ikkje uventa er det mor mi. etter mange år som politisk moldvarp tek ho no steget ut i rampeljoset, og stiller som kommunestyrekandidat for venstre. at ho satsar på venstre er ikkje noko stor bombe. ho har lenge vore svak for partileiaren deira, og har ved minst to høve uttalt at ho godt kunne tenkja seg å røysta på han, hadde det ikkje vore for at ho røysta på eit anna parti.

vegen til venstrelista har vore lang og tung. ho er faktisk litt usikker på kvar venstreleiinga i kommunen har plukka opp at ho er interessert, men reknar med at den solide innsatsen i 17.mai-nemnda var viktig. det kan heller ikkje vera noko minus at ho snart skal ut i ein lengre svangerskapspermisjon, slik at lokalpartiet må finna ein varamann til kvart einaste kommunestyremøte.

formannen i lokallaget, jens johansen, vil helst ikkje meina noko om dette.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kan det vera brannfakkelsaka om koplinga mellom Venstre og nynorsk i NT som har gjort utslaget?

Anonym sa...

Guffen, eg skjønar ikkje kva k meiner.

Brannfakkelsaka? Koplinga mellom
Venstre og nynorsk i Nye Testamentet?

Kan du forklare meg dette?

Men det er kritikkverdig at mor di har landa på venstre. Kva med folk flest, kva skal dei få?

guffen sa...

eg trur k fyrst og fremst tenkjer på den spesialutgåva av det nye testamentet vestmannalaget gav ut, med høgnorsk tekst på venstresidene og nynorsk tekst på høgresidene. eg er litt usikker på kva år boka kom ut, men eg meiner det var ei gåve til den fyrste vestmannen som fylte 200 år.

ja, eg er samd i at det er tragisk at mor mi har gått inn i venstre, men sidan far min er aktiv i høgre, går det vel opp i opp.