11.3.07

TRAVELT

i ein kommentar til ei tidlegare melding spør frode kvifor mor mi er så passiv på bleieskiftinga. der er fleire grunnar til det.

den mest openberre grunnen er sjølvsagt at ho er travelt oppteken med valkampførebuingane, slik frode òg er inne på. venstre treng tida fram mot valet, dersom dei skal koma opp med overtydande forklaringar på kvifor partiet ikkje greidde å koma over sperregrensa.

men der er òg ein annan viktige grunn. eg er usikker på om dette gjeld heile landet, men i alle fall her på sunnmøre meiner folk at amming og vinsmaking ikkje høyrer saman. dersom ammande sit med eit glas vin på ein offentleg stad, går det ikkje mange timane før nokon har ringt til nærmaste lokalavis for å skjella ut desse vin-ammarane. mor mi har difor funne ut at ho ikkje vil gå ned i vinkjellaren etter at nummer to er fødd, i alle fall ikkje så lenge ho driv med amming. fram til fødselen gjeld det difor å pjaska i seg så mykje vin som råd, og mor mi er difor på farten kvar kveld, for å finna ein fest der det vert servert store mengder vin. fredag kveld var ho på fest langt inne i åmdalen; i går kveld sneik ho seg med på styremøte i den lokale jazzklubben. ho kom berre heim ein snartur for å sjå "med hjartet på rette staden", før ho forsvann ut att. heldigvis er det berre to veker til termin.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg vil tilrå at du ringer Kjellfrid Hovdenakk, Guffen. Mor di satsar på karriere og alkohol, og far din... alle veit korleis han har det.

Her finn du Kjellfrid:
http://www.volda.kommune.no/Administrasjon.htm#barnevern

guffen sa...

eg veit ikkje korleis far min har det. dei einaste gongene eg snakkar med han er når han kjem ut av skøytetrikoten for å skifta bleie på meg.