10.6.07

DOFESTVEKA

tante I var innom i helga, og ikkje uventa var det travle dagar. ho er leiar for den årlege dofestveka, som i år vert i slutten av juli. det vert som vanleg eit stramt program, og for mange vert nok høgdepunktet den årlege meisterturneringa i kubbespel. det vert truleg òg nokre rundar med maksi-mikado, og dersom far min vert ferdig med spikkinga, vert det sikkert høve til å spela krokket.

som vanleg ventar me storinnrykk, slik at alle kan ikkje rekna med å få plass i herbyrget. gledeleg nok veit ikkje husvertane heilt kva slags folk som kjem innom, slik at dei har sagt at alle som vil kan bu på gjesteromma deira. i tillegg tek tante K og onkel NR med seg den nye campingbilen sin, slik at det ordnar seg nok med sengeplass for alle.

sjølv om programmet ikkje er heilt klart, tek me mot påmeldingar alt no. hadde det vore korn med i biletet, kunne me sagt noko om fyrstemann til mølla, men det passar altså dårleg i år.

dofestveka er ein årleg kulturfestival - les referatet frå dofestveka 2006 her. føremålsparagrafen for dofestveka handlar om å friska opp den gode samtalen. dofestveka er sponsa av sippah.

2 kommentarer:

Kukola sa...

Stiller eit lite spørsmålteikn ved val av sponsor. Etter å ha prøvekøyrd eit pakke sjokorøyr, har det vore eit renn på doen. Eg forstår at dette kan vera ynskjeleg, men spørsmålet er om det ikkje er i nærleiken av juks. Burde ikkje ein berre ha nytta naturlege hjelpemiddel som dårleg handhygiene, erter og surmjølk?
Dessutan var det om mogleg det absolutt verste eg har smakt på melkefronten.

guffen sa...

vent til du smakar jordbærvarianten.