12.6.07

MEKLING

no treng me litt hjelp. mor mi er lei av at kvart på too ikkje har fått eit meir vitskapleg namn, og har pressa gjennom ein knallhard frist. i morgon klokka seks, under det daglege familierådet, skal me avgjera om kvart på too skal få eit anna namn, og eventuelt kva det namnet skal vera. sakspapira, som sjølvsagt kom i posthyllene dagen før møtet, viser at partane står langt frå kvarandre.

mor mi meiner at det er på tide med eit nordmørsnamn. sidan guffen er mest brukt på voss, meiner ho at eit nordmørsnamn vil retta oppatt balansen. eg har ikkje akkurat merka meg denne manglande balansen, men viss det er nokon i hushaldet som er fikserte på balanse, er det mor mi. ho kjem i alle fall med desse fem framlegga: ole mekkal, nils tore, gerner, onkel trygg og dagrun.

far min meiner at det er på tide at me tonar flagg, og viser kvar me kjem frå. hulda og arne garborg kalla son sin arne olaus fjørtoft garborg, for å visa kven som var dei ideologiske ideala deira. til dagleg kalla dei han berre tuften. far min meiner at me bør friska opp denne måten å namngje ungar på, og han kjem difor med desse fem framlegga: kjell ottar moen midttun, harpo marx, general custer, mary celeste og johs. belsheim.

eg meiner at ordninga med å kalla opp nære slektningar er ideell, og har difor kome med desse to framlegga: aslak l., guffen l.

så det er ikkje heilt lett å sjå fellesnemnaren her.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Kva vart utfallet av familierådet?

guffen sa...

sippah.

Anonym sa...

Eg vil for fjørtande gong minne om at eg i lengre tid har føreslege SIVERT som eit dugandes namn på Toen.

guffen sa...

dream on. så langt har me berre eliminert eitt namn, og det er sivert. til og med kim kenneth er framleis aktuelt.

Anonym sa...

Perry! Det stiller i same klassa som Kjell Ottar...

-Synest forresten det er imponerande at du brifar med engelsk, allereie!

Anonym sa...

Så lenge toen no vert kalla Tuften, tykkjer eg at det er rimeleg og heilt på sin plass å ta namnet Ringo Star opp til drøfting i familien.