5.6.07

RUPTUR

ei besta kjem sjeldan åleine. etter fire dagar i sus og dus og ananasbrus på nordmøre, kom me attende til gamlevegen i går. det tok ikkje spesielt lang tid før ho andre besto dukka opp. ho er heldigvis hakket meir lunken til alle desse presangane andre har med seg, og satsar i staden på det mest elementære: kvart på too fekk ingenting, medan eg fekk ein kaninsjokolade og eit kryssordblad.

far min var innom hjå dokteren her om dagen, og fekk ein førebels diagnose på nokre av plagene sine. det viser seg at der er ein horisontal degenerert ruptus i bakre horn. ruptusen er gjennomgåande, men likevel utan noko stor parameniskal cyste. tilhøva i nabolaget er normale, sett bort frå at sentralt i patella er der nokre mindre grad 1-endringar i bruksen. dette kan passa godt saman med chondromalasi. i femorotibialleddet er alt normalt. i superapatellare bursa er der tendensar til væsking, medan det ikkje er merknader ved quadriceps-sena og patellarsena. alt dette er visst noko han kan ordna sjølv, berre han får kjøpt seg eit verktyskrin og litt verkty.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg har høyrt sagt at om far din har horisontal degenerert ruptus i bakre horn, ender du fort opp som horisontal og degenerert russ i bakre vogn.

Anonym sa...

Kan du ikkje berre be far din kjøpe ein tupé? Det skulle dekke greit over ruptusen hans.

guffen sa...

det er få område med større tupé-behov enn ruptusen til far min.