20.6.07

FESTIVAL

som vanleg er eg misnøgd med alt som står i avisene, og akkurat no er det dette festivaltullet eg irriterer meg mest over. dei fyrste vekene i juni kvart år er alle aviser fulle av detaljar om absolutt alle festivalar i heile landet. for dei fleste av oss er dette heilt uinteressant. me har rett nok lagt opp til nokre festivalar denne sommaren, men avgrensar oss til dei to festivalane der korkje big bang eller odd nordstoga skal spela - dofestveka i volda, og fjellfestivalen på åndalsnes.

me reknar med at me får med oss nokre turar på festivalane. under dofestveka kjem me alle til å gå på do, i alle fall viss mor mi får fiksa dorullhaldaren, og på fjellfestivalen får me sikkert teke nokre fjellturar, alle fire. bortsett frå mor mi, som slit med seinskader frå fødselen. og bortsett frå far min, som har ein fraktert ruptur. og bortsett frå ti på halv too, som er litt ustabil i bratt terreng. og bortsett frå meg, som heller vil gjera noko anna.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Sei ifrå viss de treng ein kjentmann!

guffen sa...

veit du om nokon?

Anonym sa...

Ja, meg sjølv. Erfaren kjentmann i dei fleste fjell. Kom berre med eit spørsmål, og sjå om det er eg eller "onkelk" som veit svaret.

guffen sa...

sei at ein turgåar er så puslete at han ikkje eingong greier den enklaste ruta til store knutsholstind. har du nokre tips til høvelege fjellturar for vedkomande?

Anonym sa...

Prøv med ein tur til Humlepungtind. Eller berre gå opp og ned trappene nokre gonger.

Anonym sa...

onkel k har for ein gongs skuld rett. Men det er vel ikkje mange andre enn far din som er så puslete? Spør du på vegne av han?

guffen sa...

ja, sjølvsagt eg det far min dette handlar om. eg trudde forresten det var han humlepungtinden er oppkalla etter.

Anonym sa...

Ta bussen til Hjelle og vent ved teltet.