25.6.07

SNITT

den alltid like pålitelege oslo-avisa aftenposten kunne i går melda at ein blogg i snitt lever tre månader. guffebloggen kan snart feira toårsjubileum, slik at eg indirekte er med på å dra opp snittet. i farten kjem eg ikkje på andre område der eg dreg opp snittet, men ein stad må eg jo byrja.

ser ein slekta under eitt, vert resultatet verre. så langt har eg registrert desse slektsbloggane:
11 dagar: fjernsynsbiffen
16 dagar: jon
50 dagar: dritbloggen
6 dagar: beffen
5 dagar: klaffen

til saman ligg altså desse fem på 88 dagar, altså nøyaktig det same som dei tre månadene februar, april og november. ting tyder altså på at eg er frå ei slekt sånn på snittet.

1 kommentar:

Anonym sa...

Det er gjennomsnittleg veldig få av desse bloggane som handlar om Landskappleiken, som forresten starta i dag på Geilo.