29.7.07

BESTEN 13

dofestveka er over, før eg fekk sukk for meg. det var store dagar, der ein verkeleg fekk friska opp den gode samtalen. fredag var det ei sterk og verdig opningshøgtid, med mykje song og gaman. laurdag vart programmet diverre litt hemma av til dels store nedbørsmengder, men festframsyninga på kveldstid redda mykje av æra. sundag vart ein dag til ettertanke.

apropos ettertanke - det er som vanleg på tide med eit nytt bestenbilete. eg ser ingen grunn til å variera spørsmåla, og spør som vanleg: kva seier besten?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg ser ingen grunn til å variere svara. Besten seier:

"Det er ei stor ære at eg nok ein gong har vunne prisen for glattast skalle. Men eg trur dette blir siste gongen".

Anonym sa...

Besten seier: "Kva? Må eg gje frå meg blomane? Er det ikkje eg som har minst hår på hovudet?"