25.8.07

MUFFINS

far min og eg har frihelg. kvart på treo og mor mi er på dombås, der tremenningen til mor mi feirar 40-årsdag. då invitasjonen kom i posten, trudde både far min og eg at det var rein kødd, men det viste seg at mor mi er såpass lettlurt at ho pakka kvart på treo inn i bilen og køyrde rake vegen i går. meldingane så langt tyder på at ho har ei drøymehelg.

far min og har brukt store delar av føremiddagen i dag på å baka ferdigmuffins. me kjøpte ei pakke med eit kvitt pulver, blanda i vatn og olje, pressa det ned i nokre papirformer, og steikte det i omnen nokre minutt. i mangel på motorolje brukte far min olivenolje. dette var berre delvis vellukka, men dei som meiner at muffins bør ha ein viss eim av oliven, må gjerne kika innom den neste veka.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Er det mogleg å få eit prøveeksemplar av muffinsane sendt i posten?

guffen sa...

sjølvsagt. har du postkasse?

Anonym sa...

Meiner far din eigentleg at muffins bør ha ein eim av motor?

guffen sa...

motormuffins kan ikkje vera verre enn olivenmuffins.