17.8.07

POSTMANN

den siste tida har eg studert mange bøker om postmann pat. eg finn stor glede i desse bøkene, noko som gler mor mi stort. ho er, slik mange veit, så urovekkande oppteken av the beatles at det grensar til noko gledeleg, og ho finn mange beatles-spor i serien om denne sjarmerande og hardt arbeidande postmannen. dei viktigaste spora ho har oppdaga er desse:
* brillene til postmann pat. desse har nøyaktig same form som brillene til john lennon.
* sonen til postmann pat. han heiter julian, nøyaktig same namn som sonen til john lennon.
* kona til postmann pat. ho heiter julia, nøyaktig same namn som mor til john lennon.
* i ei av bøkene seier postmann pat "hjelp". omsett til engelsk vert dette tittelen på ein song komponert av john lennon.
* lokomotivføraren i bøkene heiter arun, så godt som nøyaktig det same som mellomnamnet til elvis aron presley.
* the beatles gjorde furore med songen "please, mr. postman".
* viss du spelar postmann pat-songen baklengs, kan du høyra at john lennon seier "cranberry sauce".
* på engelsk heiter serien mailman mccartney, nøyaktig det same namnet som bassisten i the beatles.

1 kommentar:

Anonym sa...

Nokre fleire lite kjende koplingar mellom Beatles og Postmann Pat:

* Postmann Pat figurerte på det opphavlege Sgt. Pepper-coveret mellom Laurel og Hardy, men vart erstatta av Richard Lindner etter at Oliver Hardy truga med søksmål om han vart avbileta ved sida av "ein lik pappfigur"

* John Lennon skreiv Strawberry Fields Forever etter at han hadde site oppe i fire døgn i strekk og sett Postmann Pat-videoar frå sesong 1

* då Beatles besøkte Maharishi Mahesh Yogi reiste Ringo Starr som pakkepost

* "Drive my car" er inspirert av postbilen til P. Pat

* få minutt at coverbiletet til Abbey Road vart teke, vart katten til Paul McCartney overkøyrt av ein postbil

* det eksisterer eit sjeldant bootlegopptak frå seinare same dag, der ein gråtkvalt og hevngjerrig McCartney syng "Drive my Cat" til melodien av før nemnde "Drive my Car"