5.6.08

BUSS

endeleg har barnehagen fått ein buss. det har sjølvsagt vore ein båt i barnehagen i årevis, ein båt må jo alle barnehagar ha, men no har me omsider fått ein buss på plass òg. eg var såvidt innom og kika på han for nokre dagar sidan, då han fekk siste finpuss med målarkosten, og hadde sett fram til å ta ein tur. det hadde diverre resten av ungane i barnehagen òg, slik at eg vart ståande langt bak i køen. og å køyra bussen var ikkje til å tenkja på, to røvarar i kvite og grøne t-skjorter okkuperte førarsetet til langt på kveld. han eine vifta til og med med ein pistol.

1 kommentar:

Anonym sa...

Ta på deg eit litt fyldig belte, så skal du sjå at bussen blir din på ein blink.