18.6.08

DRØYMEFERIEN, DAG 2

16. juli - Sundag (Dette er dette.)

Besten: Frå Lom til Melhus. Mykje trafikk, skiftande ver. Me rasta på Dovrefjellet, straks etter kom det ei sur snøbye, - kvitt på bilen og kvitt på vegen. Det varde ikkje så lenge, heldigvis. Nedover Gauldalen gjekk det greitt, - til me kom til Kvål. Der høyrde me merkelege lydar, - sume meinte det var torever, andre at det var flydur. Men lyden kom frå tilhengjaren, eine hjulet var punktert og gjekk på felgen. Me hadde med reserveslange, og fekk låna verktøy så me fekk byta slange. Til Trøndertun kom me i seks-tida, og vart godt mottekne der.

Slik opplevde far min denne dagen.

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg likar best den knappe stilen til besten. Makan til skravlefant, han far din. Men kvifor nemner far din ikkje dei dumme teoriane om torever og flydur? Var det kanskje han og kukola som kom med dei?

Kva var det største talet på bilar de stoppa for å sleppe forbi?