30.6.08

DØYPING

desse døypingane tek visst aldri slutt. i helga var me endå ein runde på nordmøre, for å vera med då jon vart døypt. har du vore med på ein ti-tolv døypingar, har du vore med på alle, så der finst vel ikkje gode grunnar for å gå i detalj. stikkorda var som vanleg kaker og rosiner. far min og gjekk ein tur for å sjå etter katten, men me fann han ikkje. mor mi seier at det vert fleire døypingar utover sommaren. eg kan knapt venta.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Kva skjer med drøymeferien?

guffen sa...

far min skal driva gard frå hausten. han droppar difor ferien i år, og hospiterer i staden ei veke hjå ein storbonde i valdres, slik at han plukkar opp dei viktigaste triksa.

Anonym sa...

Han med nasjonalpostkassa?

guffen sa...

nei. naboen.