1.12.08

OSLO

i helga var me i oslo, og det var som vanleg altfor travelt. som vanleg når me er i oslo budde me i eit husvære der eigarane lir under ein total mangel på kunnskap om korleis cd-ar skal lagrast, men me gjorde det beste ut av det. mor mi hadde lagt inn akkurat mange nok samkomer med kjende og ukjende, slik at ho no reknar seg for ferdig med trimminga for i år. eg og fem på seksa og far min satsa heller på ei innehelg, der me herpa ein del leiker, såg ein del filmar, og åt mykje dårleg mat. den einaste ekskursjonen vår var sundag føremiddag, då me såg på nokre livlause dyr og åt altfor mykje graut.

resultatet frå fyrste runde i folkerøystinga om joletema er ferdig, og sjokkerande nok kom det inn 23 røyster. av dei åtte framlegga var det minimal interesse for dale-jol (0 røyster), og lita interesse for tonsurjol (1 røyst), bartejol (2) og nakenjol (2). dei fire andre fekk så godt som like mange røyster, så det er ikkje anna å gjera enn å lysa ut ein ny gallup, der òg nye framlegg frå gamle ordskifte vert tekne med.

2 kommentarer:

kukola sa...

No veit eg ikkje kor mange røystingar du har tenkt å ha. Men eg vil no seie at a.sr., barber halve hovudet, barebringsjol, og spør aslak-jol er mykje av det same. Til og med puppejol. Så eg ville ha slått saman alle røystene dei nemnde alternativa.

www.kukola.com sa...

Heisan, her går det unna.