5.12.08

ODEL

no er det visst hakket før eg kan kalla meg odelsgut. i det høvet har mor mi teke meg med til fotograf, slik at eg kan ha ein passande dekorasjon på visittkortet. her om dagen fekk me vitjing av ein takstmann, som etter beste evne takserte det som kunne takserast. han verka rimeleg misnøgd med det meste, bortsett frå egg og ansjos-rundstykka besto trylla fram, så det vert vel ikkje rare taksten.

garden har vore i slekta i umenneskelege tider, og namna på bonden har veksla mellom besten og onklT omtrent like lenge. i går var difor far min innom i folkeregisteret for å byta namn med onklT, slik at det vert lettare for dei som ein gong i framtida skal skriva gards- og ættesoge for garden og ætta.

det er sjølvsagt dumt å byta namn rett før jol, spesielt i ei slekt der til dels store grupperingar er ferdig med jolehandelen for lenge sidan, men far min og onklT har funne ei grei løysing. dei samlar alle gåvene sine i ein haug. sidan begge to er ekstremt litterære, kastar dei alle gåvene som ikkje er bøker, og sorterer bøkene etter ei nøye gjennomtenkt ordning: dei bøkene som minner om hitchhiker's guide to the galaxy går til far min, medan dei som minner meir om fred av arne garborg går til onklT.

3 kommentarer:

frode sa...

Det er godt å sjå at du ikkje er så tynn i håret som onklane dine. Er du redd for at far din skal bli endå tynnare i håret, no som han skiftar namn?

kjesso sa...

Dette namneskiftet kom meir uventa enn vegaskiftet på Tøn når ein kjem nedanfrå og ikkje er kjend, men er registrert.

Ynskjer du deg noko fint til jol, eller føretrekkjer du det vanlege rasket?

guffen sa...

det meste går vel til resirkulering uansett.