19.12.08

TEMAJOL

det spissar seg til i kampen om temaet for jola. i dag dreg eg like godt i gang det som (truleg) vert den siste runden, og eg bed alle om å tenkja seg nøye om før dei røystar. det er meir gledeleg enn truverdig at det kom over 30 røyster i den tredje runden. sidan dette er siste runden, opnar eg for at de kan røysta på meir enn eitt framlegg.

eg kan ikkje lova ut premiar til dei som stemmer rett, men eg kan tipsa om det som siglar opp som reine drøymefrukosten. eg kallar det berre eit oddvar-knekkebrød - knekkebrød med eitt lag prim, eitt lag brunost, og litt kvitost på toppen.

3 kommentarer:

kukola sa...

Sidan tonsurjol og hentesveisjol på mange måtar vil gå ut på det same, så vil eg oppmode om boikott av denne røystinga. Prim eller brunost, liksom.

frode sa...

Skal ein tenkja seg om for kvar gong ein røystar?

guffen sa...

dei som kan, bør gjera det.