4.12.09

600

det er jubileumstid igjen. dette er melding nummer 600, og som vanleg er nivået uventa høgt. til liks med andre milepælar er denne passeringa eit godt høve til å reflektera over kva eg har fått gjort dei åra eg har blogga. eg trur ikkje det er å ta for hardt i å seia at eg har sett dagsorden i ei rekkje saker, eg har friska opp den gode samtalen, og eg har fjerna toppen bech frå norsk fjernsyn.

likevel er der to uoppklarte saker som tyngjer meg sterkt.

I. for nokre veker sidan fann me ein sjokolade utanfor flesland flyplass. den rette eigaren har enno ikkje meldt seg, men det kan vedkomande godt gjera - alt som trengst er at du fortel kva slags sjokolade det var. eh - er.

II. før me flytta frå sunnmøre selde me nokre godbitar frå samlinga på auksjon. kan "Frode" snart betala dei 50 kronene han skuldar for sippahen og fluffen?

dei 599 fyrste meldingane har fått 1672 innspel, eller 2,79 innspel pr melding. det er ikkje langt unna hypotenusen.

andre jubileum: 500 400 300 200 100

13 kommentarer:

frode sa...

det var ein japp.

eg er samd i at "frode" kan betale

guffen sa...

japp? feil.

kukola sa...

Er det råd å finne ut kor mange "innlegg" Frode, "Frode" og frode har hatt? Skulle tru det vart ein del fjas, ja.

guffen sa...

eg googla frode, og fekk 1,5 millionar treff. alle desse kan ikkje vera på guffebloggen, men sjølv om det berre er 30-40 %, er det rimeleg mykje fjas, ja.

kukola gav berre tusen treff, så frå den kanten kjem det ikkje noko fjas i det heile.

frode, "frode" og Frode sa...

det er naturleg det er fleire treff på frode. Han skapar nemleg debatt og engasjement på nettet, medan ytringane frå kukola i beste fall skapar apati. han er heller ikkje så god på fjas som frode, "frode" og Frode

kukola sa...

Sidan det er stort sett eg som gidd å reagere fjaset ditt, og det er ikkje alltid eg gidd heller, så det er det vel litt hardt og kalle det debatt. Eg trur det blir rettare å snu på det. For kvart innlegg eg har, så kjem det ein 300-400 innlegg frå Frode & co. Det er nesten så eg skulle ynskje at innlegga mine skapte MEIR apati. Særleg hjå visse.

"frode" sa...

det heiter vise

guffen sa...

kjekt at du tenkjer på meg, "frode".

frode sa...

"frode" såg obama i dag. 1-0 til "frode" over kukola

kukola sa...

Eg såg han. 1-1. Pluss at eg høyrde han fly over huset før han landa. 1-2.

kukola sa...

Og eg såg Mette Marit på Norsk Folkemuseum i dag. 2-2.

frode sa...

og eg har sykla forbi kontoret til mållaget 5 gonger utan å sjå deg. 7-2.

kukola sa...

Og eg skifta bleie på Ti på toen i helga. 7-21.