1.4.10

SKI

me prøver å halda oss inne med dei nasjonale tradisjonane, sjølv om det held hardt for dei fleste av oss. no i påskeveka har me kutta ut kvikklunsjen og appelsinene, men slit framleis med både skigåing og påskekrim på fjernsynet.

på skiturane har me hatt selskap av nokre slektningar som kom rekande frå oslo. desse har ei litt anna haldning til det meste. det går stort sett greitt, me er jo kjent som ein open og tidvis fordomsfri familie. likevel går det ei grense for kva me kan finna oss i. kva i alle dagar er vitsen med å høyra på musikk når ein er på skitur? er ikkje poenget å høyra skogens ro? koko.

då me kom heim åt me dagsgamle vaflar og drakk lunka saft.

4 kommentarer:

kjesso sa...

Kva er vitsen med solbriller når det er overskya?

frode sa...

kven er dettte? kukola?

guffen sa...

kjess: eg trur solbrillene er der for å halda fast dei greiene ho har rundt øyrene.

frod: kukola har større briller. og større øyrer.

frode sa...

ja, alt skal no vera så stort med han.