denne veka er det eitt år sidan eg vart fødd. sjølv hugsar eg dagen som ei ut av kroppen-oppleving, og ser ingen større grunn til markering, men sidan omtrent helvta av foreldra mine er opplært til at gebursdagar er det nest viktigaste av alt, er det ingen veg utanom: denne veka skal det feirast.
hovudfesten vert fredag. alle som vil er velkomne til gamlevegen frå klokka åtte og utover. det vert kaker, talar, dans på bordet, og me har i tillegg invitert to profesjonelle klovnar til å underhalda. dette vert bra!
resten av jubileumsmarkeringa vert meir impulsiv og sporadisk (siste versjon av produksjonsplanen er ikkje heilt ferdig). ein viktig del vert oppsummering av tida så langt, her på bloggen. kakebakinga er i full gang.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Det er synd at eg går klipp av klovnane og alt saman, for eg er diverre bortreist komande fredag. Hulk...
Hadde så smått eit håp om at du skulle feire i neste veke.
Ha ei fin bursdagsfeiring!:)
Legg inn en kommentar