24.10.06

POSTKASSE #10B

sidan sist har det dukka opp mykje interessant om postkasse #10, og me legg difor ut denne informasjonen her. det kan sjølvsagt verka urettvist at denne postkassa får så mykje merksemd, men guffebloggen har då aldri streba etter å vera rettvis.



Informanten, som nyttar eit kongeleg "vi", skriv:
"På dei nye bileta vil juryen kunne sjå at postkassa også har ekstrautstyr, ein såkalla postvarslar. Ved å hengje postvarslaren på postkassa gjer du postkvinna merksam på at det ligg utgåande post i kassa, slik at ho stikk handa ned i postkassa og tek med seg utgåande post. Den utgåande posten må då vera ferdig frankert, elles må du stå ved postkasse nr. 10 når postkvinna kjem. I så fall treng du ikkje hengje opp postvarslaren.

Vi kan også legge til at postvarslaren har signaturen til bestefaren. Vidare legg vi til at nett denne postkassa har take i mot den samla produksjonen av norsk lyrikk i perioden 1960 - 1987. Denne samlinga kan ein få sjå ved å koma på besøk, gjerne i siloslåtten. Ta med gummistøvlar. Postkassa har også take i mot prøveeksemplar av mykje av den norske prosaen frå same periode. Brorparten av desse bøkene har ein av dei noverande postkasseeigarane brent på røysa.

Postkassa har også take i mot brev frå Olav H. Hauge og snart 40 årgangar av avisa Valdres.
Dette er altså ikkje ei kva-som-helst postkasse, men ei postkasse med stil, nasjonal utbreiing, innhald og unik historie."


Etter dette skulle røystinga gå enklare, men hugs at denne må gjerast etter meldinga der postkassa vart presentert, og ikkje akkurat her.

1 kommentar:

Anonym sa...

Vi, altså eg, vil også gjera merksam på at søleskvettane er naturlege, og ikkje resultat av utstuderte forsøk på å gjera postkassa vakrare enn ho er.

Er det noko meir de lurar på om kassa?