20.10.06

KOTELETTAR

me hugsar alle at det var uventa brei semje om at det i år passar bra med ei god gamaldags kotelettjol. i heimen har me snakka litt om kor lang tid ein treng for å dyrka fram nokre gode kotelettar, og eg finn det difor på sin plass å koma med nokre tips. alle treng sjølvsagt ikkje like lang tid, dette handlar jo om kor utprega maskulin ein er. eg har difor gjort meg så fri å setja opp eit liste for kor tid dei påmelde bør ta til med sparinga; lista viser altså siste barberingsdato:

dei som truleg ikkje får kotelettar same kor mykje dei sparar, og som difor må bruka mascara-trikset onkel A introduserte med vekslande hell under bartejola for to år sidan:
albert, anna sofie, far min, johannes, jostein og meg sjølv

dei som truleg burde ha teke til med sparinga for eit halvt år sidan:
besto, mor mi, tante k, tante k og tante m

dei som truleg bør starta sparinga i dag:
matias og onkel k

dei som truleg bør starta sparinga ein månad før jol:
onkel a og onkel nr

dei som truleg kan starta sparinga ei veke før jol:
onkel t

dei som truleg kan starta sparinga dagen før:
besten

3 kommentarer:

Onklt sa...

Eg starta for tre veker sidan eller noko slikt.

Er det for seint å foreslå Lemmy-bart?

onklt sa...

Eg har røkja etter. I fylgje Wikipedia er det kotelettar så lenge dei ikkje råkar i hop på haka: http://en.wikipedia.org/wiki/Sideburns. I så fall er Lemmybart innanfor definisjonen.

Guffen sa...

for tre veker sidan? eg skjønar at far min som vanleg ligg eit stykke bak i leksa.