29.10.06

POSTKASSE #11

med all gratisreklamen postkasse#10 fekk, er det ikkje uventa at ho tok teten i kåringa av noregs nasjonalpostkasse. likevel er det på sin plass å peika på at ingenting er avgjort. den fyrste nye konkurrenten er denne godbiten.

reglane er som før, opp ei trapp og ned ei dør, og absolutt alle som har tilgang til internett kan vera med. stillinga så langt:

postkasse #10: 10000
postkasse #6: 7356
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #9: 3836,3
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 667,5
postkasse #4: 17

i tillegg har desse ti postkassene skrapa saman 5643 poneg, og 34 peong.

11 kommentarer:

Frode sa...

snobbete motiv. 3 poeng. 10 piong.

Gølik sa...

Kvar blir det forresten av jolepostkassa? Vi er jo langt ute i oktober.

OnklT sa...

Postkass 6 er utsett for dommartabbe. Lærer ikkje ungane rekning på skulen lenger?

Guffen sa...

det seier seg sjølv at ein ikkje kan gje poeng utanfor den eksisterande skalaen (1 til 10000). var det tilfellet, kunne jo ein eller annan, til dømes frode, gje hundre tusen millionar poeng til favorittpostkassa si, og så endar heile kåringa som ein parodi på devalueringa av tyske mark i mellomkrigstida.

Frode sa...

onkl te kan skamme seg.

Kvar blir det av jolepostkassa?

Guffen sa...

far min seier at eg kan gløyma jolegåver i år. det er fare for at jolepostkassa går same vegen, men me får sjå når advent er i gang.

onklt sa...

Jammen jammen jammen eg har jo gjeve poeng innanfor 10000-ramma. men dei er ikkje rekna med i samandraget.

Guffen sa...

good heavens. på postkasse nummer 6 er det registrert to godkjende summar - A. Nikolaisen har gjeve 6012 poeng, medan onklT har gjeve 8700 poeng. Samla vert dette 14712 poeng, og snittet vert 7356. kvar problemet ligg er litt uklart for meg.

Frode sa...

Eg har no gjeve 10 poeng til postkasse nr. 6

onklt sa...

Oppsann, eg trudde poenga vart lagt saman. Beklagar.

Guffen sa...

dersom poenga vart summerte, ville det jo løna seg å gje mykje poeng til dei postkassene ein likar best.