15.11.06

BINGO

endeleg! eg var lenge usikker på om det var nokon vits i å kalla meg sjølv opp etter besten, men endeleg får eg betalt for det. besten vann litt over sytti tusen kroner i lotto i helga. sidan han har det meste av det han treng, inkludert ein arbeidslaus bilmekanikar i nabohuset, gav han vekk alt til barneborna sine. dei fem andre fekk 10000 kroner kvar, medan eg fekk 20000. no kan dei ha det så godt, dei som gambla på å kalla opp sønene sine etter johannes slaattelid og jostein vadla.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kva med mållaget? Har ein gløymt mållaget?

guffen sa...

dei er vel framleis sponsa av målungdomen?

Ragnhild Bjorge sa...

Pokker!
Viss eg hadde heitt Reidar og besten hadde levd og hadde spelt lotto, so kanskje eg kunne ha vore like heldig som deg. Ok, eg hadde nok måtta levd med eit visst Johnny Cash-lys over meg (A boy named Sue), men eg kunne vorte rik og ikkje minst ein helvet til å sloss.
Men, slik gjekk det ikkje.

Held med postkassemafiaen, og reknar med å sjå namnet ditt på trykk i målgåveoversynet ei eller anna avis: Guffen - mange pengar