31.3.07

APRIL

av ein eller annan grunn går alle i heile verda rundt og gler seg til fyrste april. endeleg ein dag det er fritt fram for å lura andre. det er irrelevant om aprilspøkane er gode eller dårlege - alt som tel er å dra fram ei lite truverdig historie, før ein ropar "april" eller "aprilspøk" eller noko liknande, helst før dei andre i rommet har fått høve til å tenkja over kva som eigentleg var sagt. far min er ein kløppar til å koma på dårlege aprilspøkar.

eg er som vanleg lunken til heile opplegget. det er omtrent som med syttande mai - dersom det er slik stas å kle seg i bunad og vifta med flagg medan ein ropar "hurra", kvifor gjer ein det ikkje oftare? eg er heilt for å lura folk, men fattar ikkje kvifor dette skal avgrensast til den eine dagen i året når folk ser fram til å verta lurte. eg praktiserer difor ei ordning med fri kødd året rundt, bortsett frå den eine dagen i året alle andre gjer det. så dersom du kikar innom her fyrste april, på leit etter ein knakande god aprilspøk, er du på villspor. gå heller til ei eller anna nettavis, som sikkert kan melda noko retteleg overraskande.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du virkar så bitter, Guffen. Har du hatt vonde 1. april-opplevingar? Eller var heile dette innlegget ein 1. april-spøk?

guffen sa...

eg er generelt bitter.